Vidkun Quisling (1887–1945)
 |
Vidkun Abraham Lauritz Quisling blei fødd i Fyresdal i Telemark i 1887. Han var presteson, og etter at han var ferdig med artium, gjorde han ein militær karriere. I 1918 drog han til Petrograd og deretter til Helsinki som militærattaché. Han hoppa av militærkarrieren som major for å bli sekretær i Folkeforbundskommisjonen for hjelpearbeidet i Russland, leidd av Fridtjof Nansen. I 1931 blei Quisling forsvarsminister i Bondepartiregjeringa og hadde mellom anna ansvaret for forsvaret under Menstadslaget, der det blei skote mot streikande arbeidarar. Quisling rauk uklar med fleire av politikarkollegaene sine, og i 1933 skipahan sitt eige parti, Nasjonal Samling der han sjølv blei leiar. NS fekk ingen stor oppslutnad, og spelte inga politisk rolle i Noreg. Quisling beundra den tyske nazismen. I 1939 møtte han Hitler i håp om å få tysk støtte til at NS kunne ta makta i Noreg. Men Hitler var ikkje særleg oppglødd over Quisling eller planane hans. Kva som seinare skjedde med Quisling, er kjent over heile verda. Namnet hans er eitt av få norske ord som har blitt internasjonalt.